Nyhende — 16 januar 2018

Avdelingsleiar for innkjøp ved Apply Leirvik AS, Espen Mæland, og Dagleg leiar for Ysst HMS, Åsa Eldøy, har inngått avtale om bedriftshelseteneste.

Følgjande pressemelding tikka inn frå Ysst:

Bedriftshelsetenesta Ysst med hovudkontor på Bømlo og avdelingskontor på Stord, har inngått avtale om leveranse av bedriftshelseteneste for omlag 300 tilsette i Apply Leirvik AS.

Apply Leirvik AS har tidlegare hatt si eigen interne bedriftshelseteneste. Den nye avtalen gjeld frå årsskiftet.

– Dette er den største avtalen me har inngått sidan Wärtsilä Norway gjekk inn med alle sine tilsette i 2009. Me er stolte av at me som relativt liten lokal leverandør nådde opp i konkurransen med store internasjonale konkurrentar, seier dagleg leiar i Ysst, Åsa Eldøy.

Bømlo-bedrifta har i dag 10 tilsette som syt for ei fullgod godkjent bedriftshelseteneste for 142 bedrifter i heile Sunnhordland. Hos Apply Leirvik AS ser dei fram til å samarbeide med Ysst.

– Ja, det gjer me. Dei er ei lokalt forankra bedriftshelseteneste med solid og lang erfaring. At me no får knyta til oss kompetansen i Ysst-staben ser me som svært positivt for vårt viktige HMT-arbeid, seier HR- og informasjonssjef Lene Holm Grasdal.

– Me jobbar målretta kvar dag for at våre medlemar skal ha det beste utgangspunktet for ein trygg og sikker arbeidskvardag. No får me også høve til å gjere dette hos Apply Leirvik AS. Det blir spennande for oss å bli kjend med dei tilsette og bedrifta framover, seier Åsa Eldøy.

Ysst disponera no flotte og tilrettelagde lokale hos Apply Leirvik AS. I tillegg vil ein framleis kunne nå dei tilsette ved bedriftshelsetenesta på hovudkontoret i Hollundsdalen på Bømlo, eller på avdelingskontoret på Bytunet i Leirvik sentrum.

Share

About Author

(1) Reader Comment