Nyhende — 15 februar 2018

Tysdag 13.februar blei det arrangert olympiske leiker på Stord golfbane, Nordbygdo FUS barnehage, avdeling Tyse. 33 born og åtte vaksne marsjerte i tog frå barnehagen med både akebrett, ski og norske flagg.
I medbrakt bålpanne blei det fyrt i og steikt fiskekaker på. Bållukta spreidde seg rundt dei glade barna som storkosa seg. Aking i ein nokså rask fart blei til glede og latter blant barn og vaksne.

Dei lokal olympiske leikane blei naturlegvis arrangert i forbindelse med OL 2018 i Sør-Korea. Aking, skigåing, snøballkasting på ring var nokre av øvingane på programmet. > Det er viktig å sette fokus på fellesskap, minner og opplevelser ilag. Opplevelsesbasert læring er ein av dei viktigaste læringsarenaer i barnehagen.

– Då mei kom tilbake i barnehagen blei det utlevert diplom for framragande innsats i dei olympiske leikar, Tyse 2018, heiter det i pressemelding frå Nordbygdo FUS barnehage

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.