Nyhende — 09 februar 2018

Stord kommune har fått i retur  godkjent  2018-budsjett frå Fylkesmann Lars  Sponheim.  Innleiingsvis i brevet blir det slått fast at  «Kommunen ikkje er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova §60.» (robek-lista).  Vidare i dokumentet støttar  Sponheim  kommunestyret sitt eige vedtak om at berre ein del av  eigedomsskatten  (opp til 11 %) kan brukast  til  drift/vedlikehald,  resterande er øyremerka investeringar.  Fylkesmannen hadde gjerne sett at  budsjettert overskot for året  hadde vore noko høgare enn 1,4 %, slik at ein hadde noko «å gå på». I  oppsummering og konklusjon   åtvarar fylkesmannen  mot  aukande lånegjeld for Stord kommune, og skriv:

«Kommunen si brutto lånegjeld ved utgangen av 2017 kan reknast til om lag kr. 2,0 mrd., eller om lag kr. 108.100,- per innbyggjar. Kommunen sitt gjeldsnivå er no komen opp på eit høgt nivå. Det kjem til å auka ytterlegare dersom investeringane i vedteke budsjett og økonomiplan blir gjennomførte.Sjølv om kommunen har eit stort investeringsbehov, er det nødvendig å unngå ein for stor auke i gjeldsnivået framover. Kommunen må ikkje kome i ein situasjon med for høg gjeld i høve til driftsinntektene, noko som på nytt vil gi økonomisk ubalanse.

Kommunen må etter første tertial om nødvendig gjennomføra ein budsjettrevisjon og redusera dei frie inntektene i budsjettet. Det er viktig at ikkje ein for stor del av eigedomsskatteinntektene blir nytta til driftsføremål. Kommunen vil bli økonomisk sårbar og med lite økonomisk handlingsrom dersom ein for stor del av eigedomsskatten blir nytta til driftsføremål.

Kommunen må unngå å kome i ein situasjon med for høg gjeld i høve til driftsinntektene. Gjeldsnivået er allereie komen på eit høgt nivå, også samanlikna med andre kommunar. «

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.