Nyhende — 12 februar 2018

Skogen er hoggen og gravemaskinane er kome i arbeid i Litlabøkrysset i Lønningsdalen.

Når det endeleg er kome i gang anleggsarbeid for å gjera biltrafikken tryggare i Litlabøkrysset i Lønningsdalen,  kan det sendast ei takk til  bompengebetalarane i Trekantsambandet.  Med absolutt alle rekningar betalate for bruer og tunnel og ryddingsjau på Føyno, var det godt 33 millionar kroner att i kassen. Midlane vart delte  med 11 millionar kvar  til  Bømlo, Sveio og Stord – med føremål trafikksikringstiltak.

Så les me at det er lite midlar  til Førlandskryss, til  humpar  på Gamle Ådlandsvegen,  og  trufast lesar av stordnytt.no har bede  nettavisa etterlysa kvar det vart av  bompenge-pengane etter Trekantsambandet.

– Lenge låg dei i potten som skulle gje  endra trafikkløysing med  rundkøyring  på E39 på Tveita. I dette området og  på strekket  frå Vbakkjen til Heiane er det kome endra planar, mellom anna for ein  tofelts sykkelveg, opplyser  prosjektleiar  Bernt Herland i  vegvesenet.

– Dei 11 millionane er difor fordelt  med  fire millionar  til gang-sykkelvegen frå krysset Tømmervikvegen til Skjersholmane, 1 million kring  opprusting og nytt  fortau ved Hatland bru  og så blir resten, 6 millionar sett inn som delfinansiering for å få bygt ei avlastingsfil for  nordgåande trafikk i  Litlabøkrysset.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.