Nyhende — 10 februar 2018

.Det er 250 km kommunale vassleidningsnett i Stord kommune. Lekkasje er eit stort problem.

Stord kommunalteknikk, med hovudoppgåve å ta seg av sikker  tilførsle av reint drikkevatn og like sikkert og avløp for brukt vatn og diverse anna,  har sett seg ambisiøst mål i von om å koma sitt største problem til livs.

– Når me kvart sekund slepp 130  til 140  liter reint vatn frå Tysevassdraget ut på forbruksnettet, forsvinn mellom  60 og 70 liter  på vegen fram til abonnentane. Lekkasjar  tek halvparten av vatnet, difor har me sett som mål å redusera  lekksjetapet  frå  dagen 50 prosent, til 10 prosent  innan 2050. Vassverket har 250 km leidnings å halda tilsyn med, kor (for) mange kilometer  er av gamal og dårleg kvalitet. Strekket  frå Haga til Rommetveit er eit «lekkasjeområde»,  der er me komne i gang med stor opprydding i eit samarbeid med vegvesenet .  Om eitt års tid skal det bli både utvida veg og sikker vassforsyning i området.

Dagleg leiar i Stord kommunalteknikk, Roy Sverre Amundsen  kom med desse og ei rekkje andre interessant  opplysningar frå VA-sektoren, då  han tidlegare i veka informerte medlemene i  komite for næring, miljø og kultur. Som er fagkomiteen for desse viktige  funksjonane i   stordabuen sin kvardag.

I dei langsiktige planar  ligg også å sikra  kvaliteten på vatnet  frå Ravatnet, reservevasskjelda.  Det kan best gjerast med å leggja  røyrgate  frå  demningen og ned til  eigen reinsestasjon  i Vatnadalen. 

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.