Nyhende — 15 februar 2018

Halvor Folgerø (midten) imponerte både Walisaren (t høgre) og programleiar Eide og 500.000 sjåarar med korrekt uttale av det 58 bokstavar lange stadnemnet i Wales.

Llanfairpwllgwyngyllgogerychwyrndrobwllllantysiliogogogoch, 58 bokstavar langt er namnet på ein plass i Wales i Storbritannia.  Ikkje lett å uttala, men det går an å læra om ein berre vil øva og prøva.  Akkurat det er Halvor Folgerø med oppvekst i Kringsjå, Leirvik eit framifrå velklingande døme på. I Eides Spåksjov  på TV-skjermen  onsdag kveld imponerte NRK-tilsette, og no bergensbusette, Folgerø den store sjåarskaren dette programmet har, med prikkfri uttale av det walisiske stadnamnet.

– Kor ligg løyndomen, kva er trikset?

– Når eg først bestemte meg for å  klara namneuttalen, gjekk det tre veker til øving.  Ein kompis tipsa om at det låg ein video på Youtube som kunne vera til hjelp, og den gjorde eg me nytte av.

– Snakkar me om verdas lengste stadnamn?

– I alle fall eitt av dei lengste. Det seiest det hjå eit urfolk i Canada skal finnast eit litt lenger stadnamn.

Halvor Folgerø  jobbar for tida i redaksjonen for Eides Språksjov og kan saman med den gode humor- og humørfulle programleiar Linda Eide gleda seg over å ha mellom 400.000 og 500.000 sjåarar til kvart program.

 Her er lenkje til episoden der ordkunstnar Folgerø var med i språksjovet.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.