Gutta på tur frå Stord, var sist torsdag på historisk vandring i Wichmann-smia. Ein bilkolonne med 36 spreke eldre tok ut frå Vabakken mot vest. På Rubbestadneset stod ein velvillig Jan Willy Folgerø- Holm og hjelparar frå «Veteranlaget Wichmann-Wartsila», og losa oss inn i eit moderne mediarom. Her fekk me høyra unike radioopptak frå 1936 frå grunderane som fortalde om motoreventyret som starta med ein 2-hestar i 1903, supplert med flotte bileter frå samtida.
Etter denne sekvensen gjekk nokre direkte til omvising i smia og resten tok ein 2 km rundtur i nærområdet. Nista med noko attåt, åt me i orienteringssalen mens Folge-Holmy fortalde om bygget, finansieringa og oppdrag som veterangjengen utfører. Eit av dei store oppdraga i desse dagar er full overhaling på ein motor som skal monterast i veteranferga, «MS Folgefonden» Vidare fekk me siste nytt om dei store og spanande planane med teknologisentret på Rubbestadneset. Etter matøkta fordelte me oss att, og restgjengen fekk omvising i smia og reperasjonshallen som dei nyttar. Me takkar dei involverte for ein god dag, der me registrerte at restarbeidsevna og sosialt fellesskap har skapt allmennyttige verdiar på Rubbestadneset.
Oddbjørn Kvålsvold
turleiar
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018