Nyhende — 13 februar 2018

Rektor Anne Sissel Mugaas og «skulesjef» Marianne Jakobsen Hilt haldt snor då ordførar Gaute Epland klype og erklære SUS for offisielt opna.

Rektor Anne Sissel Mugaas  gjorde seg til talskvinne  for lærarstab og 350 elevar, då ho i siste skuletimen tysdag offisielt fekk nøklane til «Kongen på Haugane»  – Stord (nye) Ungdomsskule. Etter år med venting var det godt å vera på plass i nybygget og ho lova at  brukarane og tilsette framover  skal skina i lag med  skulen.  Alle har funne seg godt til rette dei par vekene den moderne  skulen har vore i drift.

Rektor og  kommunalsjef for skulen i Stord, Marianne Jakobsen Hilt, heldt  den raude snora  ordførar  Gaute Epland hadde det ærefulle oppdrag  å klyppa over og  erklæra praktbygget for opna.  Epland sa han har ei ekstra god kjensle  for SUS, som skulen gjerne blir omtalt som  kortversjon. Han hadde fått vera med på alle nødvendige kommunestyrevedtak for å få prosjektet i hamn og gledde seg storleg over resultatet.

I høve den store dag kom det helsing og gåver  frå  L2 Arkitker  og frå  entreprenør Kruset Smith som begge meddelte at dei hadde vore heldig å få vera med på ei spenstig og utfordrande oppgåve.  Kommunen sin byggjeleiar Øyvind Dahl  gav eit resyme over prosessen frå riving av  gamle til innflytting av ny SUS,  der han la vekt på at alle avtalte fristar var haldne fram til  teknisk overlevering frå entreprenør til  byggeherre  22. desember 2017. «Skulesjef» Jakobsen Hilt hadde med blomar og gode ord  til dei som hadde vore i den kommunale byggekomiteen.

Men det var langt frå berre talar som prega opningstimen, leia av  rådmann Magnus Mjør i  allromet nett innom hovudinngangen.  Elevane sjølve deltok rikt i programmet.  Henrik F. Lier  opna med  song, sidan følgde desse dansarane opp;  Malene Klingsheim, Tomine Tvedten, Ingvild Ottesen, Astrid Jordåen, Maja Sadowska, Karja Skålevik og  Kristin Måge Skårpan.  Nelly Hauge hadde fanfareinnslaget før og etter snorklyppet, Fridar Steinkopf  imponert med ballsjonglering  og Anne Linnea Tveit Vikanes runda det heile av med  vakker song.  Før byggherren spanderte kake på alle.

Sju elevar dansa for dei frammøtte til opningsseremonien for Stord (nye)Ungdomsskule tysdag.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.