Nyhende — 14 februar 2018

Når Hordfast-brua tek over trafikken over Nuen, blir det slutt for ferja til Hodnanes.

Dagleg leiar i Hordfast AS, Øyvind Halleraker, reagerer på at uttrykket «sidevegar» blir brukt om ferjerutene til/frå Tysnes. Det var ordførar Kåre Martin Kleppe som tok emnet opp på sist møte i Samarbeidsrådet. Han påpeikte at det ville vera uheldig om ferjebillettane til og frå kommunen hans ville bli dyrare om reisande der skulle betala bompengar til den komande ferjefrie stamvegen.

– Det blir ei mistyding å hevda at desse ferjesambanda er sidevegar for Hordfast-bompengar. Den nye vegen er planlagt gjennom kommunen, det kjem bru i sør og nord som vil gje Tysnes betre samferdsle. Og då er me i kjernen av grunnlaget for bompengar, som mellom anna går på at det kan krevjast bompengar når betalarane får betydeleg fordel av prosjektet det blir kravd midlar til. Hordfast vil gje Tysnes-reisande betydelege fordelar, meiner Halleraker.

Ei stadfesting på at det ikkje er noko nytt på trappene slik sett for reisande i regionen, er bompengane som var henta inn frå «sidevegar» då Trekantsambandet vart bygt. I tillegg til ferja i Valevåg-Skjersholmane, vart det den gongen også påført nokre ekstrakroner på bilbillettane i Utbjoa-sambandet, på strekningen Valevåg-Moster, Sagvåg-Siggjarvåg og Langevåg-Buavåg.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.