Nyhende — 13 februar 2018

Torsdag kveld kjem den amerikanske låtskrivarlegenden Mark Olson tilbake til Olsen & Jensens viseklubb på Osvald pub, for å spela konsert saman med si norske kone Ingunn Ringvold. Olson sitt tidlegare band, legendariske The Jayhawks, vert rekna som eit av dei viktigaste banda innan sjangeren americana eller alternative country, saman med samtidige kollegaer som Wilco og Ryan Adams.

Gjennom fleire sagnomsuste album med nemnde band på åtti- og nittitalet og ei bunnsolid solokarriere i etterkant, er Mark Olson blant dei mest respekterte namna i singer/songwriter-basert musikk dei siste tretti åra.

I haust gav Olson og Ringvold ut plata «Spokeswoman of the bright sun» som mellom anna vart beløna med fem stjerner både i Dagbladet og Rolling stone magazine. Den pågåande turnéen i kjølvatnet av plata har tatt dei over det amerikanske kontinentet, dei britiske øyane, det norske austlandet og no altså til den brune puben på Vikjo.

På konsert byr duoen på ein småpsykedelisk variant av klassisk låtskrivarkunst: solsvidd lavmælt country møter tyrkiske strengeinstrument og afrikansk perkusjon pakka inn i vanntette vokalharmoniar og melankolsk sjarme.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.