Nyhende — 16 februar 2018

Trafikksikring ved Litlabø skule og langs friområdet ved Storavatnet spesielt, og om trafikksikringsarbeidet i kommunen meir generelt, var emne  for to spørsmål frå Linda Grundtvig  i Stord kommunestyre torsdag. 

Ordførar Gaute Epland  svara slik:

– Kommunen har på ny teke kontakt med Statens vegvesen om trafikksikringstiltak ved Litlabø skule. Det viste seg at skilta likevel ikkje var sett opp. Vegvesenet har beklaga dette, og det er no venta utført i nær framtid.

Når det gjeld fotgjengarovergang for elevar frå Kattaneset og Hillarhaugen, kan det vera meir krevjande å få på plass. Vegvesenet vil likevel gjera ei ny vurdering, og me avventar svar.

Når det gjeld rekkverk langs friluftsområdet, meiner vegvesenet at det ikkje er naudsynt med ekstra sikring. Vegvesenet har difor ingen planar om dette, men har lova å ta ein ekstra runde også på denne saka.

Dersom kommunen skal setje opp sikringsgjerde mellom friluftsområdet og vegen, må det løyvast midlar over budsjettet.

Når det gjeld spørsmålet om korleis Stord kommune prioriterer trafikksikringstiltaka i kommunen på kommunalt vegnett, så tek ein utgangspunkt i trafikksikringsplanen. Det er likevel slik at trafikkbiletet er i endring, og det kjem stadig inn søknader frå oppsitjarar om trafikksikringstiltak, innspel frå politi m.v  som ikkje er forankra i planen.

Fartshumpen i Studalen er lagt på ei sterkt trafikkert rett strekning etter innspel frå oppsitjarar i området. Tiltaket er fartsreduserande. Politiet har og oppmoda kommunen om å sørge for ei tryggare kryssing for mjuke trafikkantar i gangfeltet v/ krysset Studalen / Hadlabrekko. Gangfeltet er oppgradert og vil få intensivbelysning.

Vegvesenet peikar generelt på at  fylkeskommunen har avgrensa midlar til trafikksikring. Likevel har Litlabøvegen dei siste 2 – 3 åra fått mellom 5 og 6 mill. til punkttiltak. Litlabøvegen har med andre ord vore ei prioritert vegstrekning i Hordaland.

– Eg er likevel samd i at vegen har trong for omfattande trafikksikringstiltak, samt tiltak for betre trafikkflyt. Eg ser ikkje at vi får løyst dette tilfredsstillande utan ved utbygging av gjennomgåande tofeltsveg og gang/sykkelveg på heile strekninga frå Snikkersvingen til Litlabøkrysset. Med dei knappe samferdselsmidlane som er til rådvelde på fylkeskommunalt nivå, ser eg ikkje at ei slik utbygging på kort sikt vil kunna la seg realisera utan bompengefinansiering.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.