Nyhende — 17 februar 2018

 

Teaterelevane i Stord kulturskule er travelt opptekne med å øve til deira store framsyning «Per Andersen og den kjempestore muffinsen – Nei det heiter cupcake» som har premiere i Stord kulturthus torsdag 8. mars. Med seg har teaterelevane fått følgje av danseelevar og kulturskulen sine to elevar på lap-top. Elevane på lap-top har laga lydkulissar og ein del anna musikk som skal brukast i framsyninga. Det er fyrste gong kulturskulen gjer det på denne måten og det blir veldig spanande.

Per Andersen og den kjempestore muffinsen er ei artig og sprø forteljing om den foreldrelause guten som bor saman med dei to fæle og egoistiske tantene sine, Tante Fettilett og tante Sillicotine. Tantene eig eit cupcake-bakeri, der Per må arbeide heile dagen og ofte til langt på natt. Per kjenner seg einsam og saknar gode venner, og det å ha ein familie rundt seg. Ein dag kjem det besøk til Per, denne personen gjer Per ei gåve.  Det seiast at denne gåva skal kunne hjelpe deg med det du ynskjer, det du saknar og det du treng. Stemmer dette? Per er litt usikker, kan det være sant? Men på eit eller anna uforklarleg og magisk vis havnar Per ut på ei fantastisk eventyrlig reise, saman med sine nye vener i ein kjempestor muffins. Korleis denne reisa vil ende, det må ein ta turen til kulturhuset for å sjå!

Det er lærar i teater Torill Berger som har regien og er ansvarleg for det meste i produksjonen, ho har fått god hjelp av kjekke foreldre som både syr kostymar og snikrar kulissar.

Det er berre å gle seg, framsyninga høver for alle frå 3  – 100 år, heiter det i meldinga frå kulturskulen.

Foto: Torill Berger

Per Andersen, spela av Emma Dyrhol, i midten, rundt seg har han dei nye venene sine, dei vert spela av frå venstre: Elvis Tobias B. Eskeland, Ada Dahl, Dagny Grov og Mathilde Jordåen Molvik

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.