Nyhende — 09 februar 2018

Torsdag 15. februar kjem Asgeir Ueland til Bømlo og Stord for å presentere den nye boka si  «Shetlandsgjengen. Heltene i Nordsjøen».

Han kjem til hovudbiblioteket på Bømlo om føremiddagen, og så til Sunnhordland museum  om  kvelden. Etter bokpresentasjonane vil det bli  høve til spørsmål og dialog.

Shetlandsgjengen var ei norsk marineavdeling  under andre verdskrigen. Dei segla  i hemmeleg oppdrag mellom Noreg og Shetland med flyktningar, etteretningsfolk  m.fl. Dei var og involverte i aksjonarar mot tyske skip, og la miner i norske farvatn. .

Både fiskeskøyter, motortorpedobåtar og tre mindre amerikanske ubåtjagarar vart nytta i dei meir enn 200 turane mellom Shetland og Noreg. Ti skøyter og 44 personar gikk tapt.

Med Ueland si bok får  vi for fyrste gong heile historia om Shetlandgjengen. Me fylgjer den legendariske skipparen Leif Larsen og ukjente heltar som Grotle-brørne gjennom stormar,  forlis og død. Det er dramatisk sjøkrigshistorie som vert fortalt om vanlege nordmenn sitt heltemot i krigsåra.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.