Nyhende — 08 februar 2018

Byrja bli mange tome bankboksar i kvelvet i Sparebanken Vest, seier banksjef Arve Havnerås.

Aksjebrev, ihendehavarobligasjonar, skøyte andre dokument, bunadssølv og anna glinsande  arvegods. Alt dette var slikt  mange valte leggja  i den leigde boksen  kvelven i kjellaren i banklokalet, for å sikra verdfull eiga mot brann og  uønska hendingar.  Bankboksen var ein trygg stad for oppbevaring og alle bankar hadde slike kvelv å tilby.  30. mars i år er den æraen til ende i Stord herad.  Sparebanken Vest, den siste banken med  boksutleige, skal byggja om lokala På Leirvik  og i det nye er det ikkje rom for vidare drift av kvevlen.

– Ja, det er hovudgrunnen til at me har bede  kundane som leiger om   tøme boksane sine dei komande veke.  Men det er heller ikkje å  løyna at  behovet for  bankboksar  har minka siste åra. Mange har alt levert nøklar og sagt opp leigeavtalen.  Det er nok ein naturleg konsekvens av at  aksjebrev ikkje lenger blir utferda på papir, slik ein gjorde før.  Den digitale verda har teke over og det meste er å finna i register på «på dataen». Mange har også sikra seg ved innkjøpt av brannsiker safe i heimen, seier  banksjef Arve Havnerås til stordnytt.

Bankboksane var godt sikra bak tjukk ståldør og gitter ….

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.