Nyhende — 14 februar 2018

Sagvåg ferjekai kan koma på kommunale hender. (Foto: Arkiv)

«Stord kommune forstår bakgrunnen for ynskje til fylkeskommunen om å omklassifisera denne no mindre trafikkerte vegen til kommunal veg. Dette gjev sjølvsagt fylkeskommunen betre handlingsrom for drift og vedlikehald av det meir trafikkerte hovudvegnettet.På den andre sida får dette ein økonomisk konsekvens for kommunen med auka utgifter knyta til drift og vedlikehald av eit kommunalt vegnett som allereie i dag slit med stort etterslep.»

Dette skriv Stord kommunalteknikk og vegmynde i ein uttale  til  vegvesenet sine tankar om nedklassifisera  Fylkesveg 66 – frå krysset ved bensistasjo i Sagvåg (Fv545) til det nedlagte ferjestøet.

Fleire gonger sidan Sagvåg Ferjekai vart teken ut av  tenester ved opning av Trekantsambandet i 2001,  har Stord kommune søkt om å få kjøpa området. Nokon nemnande respons har ikkje kommunen oppnådd – før sjansen no kan by seg.

Kommunen tek likevel eit atterhald om å overta heile vegen frå krysset til kaien. Med bakgrunn i at Fv 66 er viktig som lokal samlevegsfunksjon meiner kommunen denne bør oppretthaldast som fylkesveg frå Fv. 545 og fram til avkjørsla til Sagvåg sentrum (ved Skjepavikjo). Det blir i den samanheng trekt fram at Sagvåg er den nest største tettstaden i Sunnhordland og at Statens vegvesen for nokre år sidan stengde avkjørsla frå Fv. 545 til Sagvågsbrekko.

Kommunalteknikk sinkonklusjon er at t strekninga på Fv- 66 som er aktuell for kommunal overtaking,  bør vera frå den nedlagde ferjekaien og fram til avkjørsla til Sagvåg sentrum.

Som eit PS til saka kan takst med at då det i  kommuneplansamanheng vart  invitert til kreativ tenking kring arelbruk i  Sagvåg, hevda fleire røyster at gamle ferjekaie burde høvande glimrande  til bubilcamp. 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.