Nyhende — 07 februar 2018

(Arkivfoto: Gunnar Bjørk)

Det var stor engasjement på årsmøtet i Stord Arbeiderparti måndag kveld, der  Magne Rommetveit var med og informerte  om pågåande arbeidet «På tinget». I alt 18 forslag og uttalar vart drøfta og eitt av emna var  Hordafast.   I dette spørsmålet er  Stord Ap  si meining klar:

«Ferjefri E39 er det viktigaste samferdsleprosjektet for Stord og Vestlandet. Prosjektet vil bety svært mykje for vidare utvikling av næringsliv og busetnad i regionen vår. Stord AP vil komma med følgjande uttale til det vidare arbeidet med prosjektet:

–  Stord AP meiner at prosjektet E39 Stord-Os (Hordfast) bør realiserast så raskt som råd. Det bør jobbast for byggjestart i første NTP-periode.

–  Stord Ap meiner at sørleg krysning over Langenuen er det beste alternativet for Stord og Sunnhordlandsregionen, og vil leggja til rette for eit framtidig fastlandssamband mot Kvinnherad og ein diagonal frå E134 mot Bergen.

–   Stord Ap er uroa over at strekninga Heiane-Ådland/Nordre Tveita ikkje ligg inne i NTP. Stord Ap meiner det bør jobbast for å få planmidlar til detaljregulering av strekninga. I detaljreguleringsprosessen bør det leggjast vekt på å finna ei traseløysing som i størst mogleg grad ivaretek Landåsen.

– Stord Ap meiner at det i så stor grad som mogleg bør takast omsyn til lokale partar og verdiar som vert berørt av prosjektet. For Stord sitt vedkommande vil me i tillegg til Landåsen særskilt peika på Valvatna-feltet, Nordre Tveita (Hestesportssenteret), busetnaden på vestsida av dagens E39 ved Grov, og ved Mehammer om midtre kryssing over Langenuen vert valt.»

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.