Nyhende — 12 februar 2018

Blir det ja på Hordfast sin søknaden om bompengar på «sidevegar», blir det auka kostnad på Stord-Tysnes-sambandet over Langenuen.

På sist styremøte i Samarbeidsrådet for Sunnhordland tok tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe opp det som kan bli ei utfordring på bompengefronen. Under  programposten ymse viste han til at Hordfast AS er i gang med søknad om førehandsinnkreving av bompengar til det ferjefrie vegalternativet, og at dette også vil gjelda for  «sidevegar». Ei ordning som vil slå uheldig ut på  kostnadane på ferjesambanda til og frå Tysnes.  Kleppe kom med påminning om at sidevegsinnkrevjing av pompengar berre skal skje unntaksvis.   Det er annleis med  Europavegen (Halhjem-Sandvikvåg).

I møtet var det semje om at det er viktig at  kommunane og Hordfast er samkøyrde i denne saka. Dagleg leiar i Hordfast AS, Øyvind Halleraker, vil bli invitert til mars-samling for Samarbeidsrådet.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.