Nyhende — 07 mars 2018

Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Stord kommune lagar moglegheitsstudie for Leirvik sentrum, og ønskjer velkommen til idédugnad. (Foto: Stord kommune)

Frå kommunen si nettside:

Prosjektet «Byen og regionssenteret Stord – lokomotiv for vekst og utvikling i Sunnhordland» er del av Kommunal- og moderniserings-departementet sitt utviklingsprogram for regional vekst i by- og senterregionar. Som del av prosjektet har LINK Arkitektur fått i oppdrag å laga ein moglegheitsstudie for Leirvik sentrum.

I samband med oppstart av arbeidet vert det halde idéverkstad der alle interesserte er invitert til å delta. Føremålet er å få informasjon og idéar som kan nyttast for å få ei best mogeleg utvikling av sentrum.

Stad: Kommunestyresalen, Stord rådhus.
Tid:  12. mars kl. 17:00 – 19:30

Møtet startar med at ordføraren ønskjer velkommen til møtet, vidare vert det ei presentasjon av arbeidsgruppa frå LINK Arkitektur, samt korte innlegg om dei relevante tema for arbeidet slik som: funksjonar i sentrum, blågrøn infrastruktur, attraktivt byregionsenter, bystruktur og parkeringsløysingar. Det vert lagt opp til gruppearbeid med kart der alle deltakarane får bruke sin kreativitet uavhengig av bakgrunn. Dei overordna spørsmåla er:

  • Kva ønskjer vi oss av Leirvik sentrum?
  • Korleis ta vare på kvalitetane og verdiane i området samstundes som det vert lagt til rette for utvikling?

Vi vil gjerne ha flest mogeleg deltakarar og ønskjer vel møtt til ein spanande prosess.

Påmelding til post@stord.kommune.no

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.