Nyhende — 13 mars 2018

M/S «Bosphorus» (foto: Dahle og Nygård) slik båten blir vist i boka «Hvor ble båtene av» – med Historiegruppa ved Stord Verft som utgjevar. Lasteskipet helsa alltid Stord med fløyta når det passerte øya og Kjøtteinen på rundturane sine mellom hamner i Noreg og hamner i Middelhavet.

21. august 1956 vart det flotte tørrlasteskipet  «Bosphorus» levert  frå Stord  Verft AS.  Skipet vart straks sett i fart mellom  hamner i Middelhavet og Noreg.  I  julenummeret  av «Systemposten»  same året, vart det referet samtale mellom  den skrivande i  informasjonsbladet for «Kjøtteinen»  og  båten.   – Kjekk lesnad, humrar  Gisle Tjong som har   funne  fram til attersynet:

«- Åtte dagar før Systemposten gjekk i trykken, var me så heldige  å oppnå kontakt med  «Bosphorus» over radiotelefonen. Skipet var då  i Middelhavet, med kurs for Gibraltar, på veg heim til Noreg. Sambandet var ikkje nett som lokaltelefon, så me håpar at det ikkje var for mange mistydingar, når me skal referera (litt av) samtalen.

– Korleis er det i Middelhavet no, ropar me.

– Det har ein farge som me elles berre ser ein stad i verda, er svaret.  Berre augo  til jentene på Stord  har ein slik tindrande blåfarge. Elles har Middelhavet i år vore uvanleg salt, med stadig springsflo.

– Kva kan vera grunnen til det?

– Det må vera alle dei tårene som jentene på Stord har gråte av di «Bosphorus» forlet Stord. Havstraumane har ført dei sørover til Middelhavet.

– Har de sakna Stord?

– Ja, svært. Me samla nyleg inn 500 kroner til Ungarn-hjelpa. Ønskjeplata vår «Alle vakre jenters hambo», var ei helsing til Stord som har dei aller vakraste jentene.  Difor har me tenkt å lossa appelsinlasta vår ved Naustneskaien, mellom jul og nyttår.  Det er vel framleis mange ledige koneemne, no må det verta alvor, for skatten er krevjande.

– Er det ikkje varmt nede i Middelhavet no?

– Om du meiner  celsius, så er det som ein fin sommardag på Stord. Om du meiner bråket her nede, så held nok «Bosphorus»  seg flytande. Det skal mykje krut til for å skada ei skute som er bygt på Kjøtteinen.

Me har elles gjeve Nasser klar melding om at dersom han ikkje no held fred, så varslar med Nilsen på avlastningskontoret.

– Men no gleder me oss til å koma attende til Stord. Bestill Turnhallen og Revyorkesteret for kvar einaste kveld, frå 3. juledag til 13.dag jul.

… og med det vart sambandet brotet, utan at me ein gong visste kven me hadde snakka med.»

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.