Nyhende — 11 mars 2018

Lagsleiar Hanne Huseklepp opna årsmøtet i Veteranskipslaget Fjordabåten. (Foto Harald Sætre)

Det er framleis pågangsmot og stor dugnadsvilje i Veteranskipslaget
Fjordabåten, det kom fram på årsmøtet laurdag. Møtet vart halde i
Kystkultursenteret i Sandviken med Hanne Huseklepp som styrar. Ho er også
leiar i Veteranskipslaget som har «Stord I» og «Granvin» under sine
venger. Ei eiga stifting har ansvaret for det snart fullt ut restaurerte
dampskipet «Stord I». Dugnadsgjengen er no mota på å gå i gang med
istandsetjing av mannskapslugarane på framre banjer. Harald Kvinge (Stord)
er leiar i styret For stiftinga Stord I
Nestleiar i styret for Veteranskipslaget , Kåre Kvalvik (Stord) orienterte
om det omfattande arbeidet som er gjort siste åra med å gjera «Granvin» klar
for nye blåturar i sitt heimelege farvatn. Den yngste veteranen var ikkje
på sjø i fjor, men skal vera klar til å setjast i fart i mai i år. Båten
ligg no ved Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund der det pågår
innreining av røykesalongen, sterris og postlugaren.

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.