Nyhende — 12 mars 2018

Pressemelding frå Wärtsilä:

«Frå gamalt var sjøfarten utan miljøutslepp, i mellomtida har me vore avhengige av fossilt brennstoff for å driva skipa våre framover. No er tida  komen for å diskutera korleis me i framtida skal driva transport på havet utan utslepp av klimagasser», seier Cato Esperø, salsdirektør i Wärtsilä Norway.

Den maritime industrien er i endring og Wärtsilä ønskjer å skapa ein ny arena på Stord, der ein kan løfta viktig diskusjonar kring ein grøn skipsfart og infrastrukturen som må på plass ikring denne.

På den nystarta innovasjonsdagen, Future Innovation Day, 26. april, vil verksemda invitera representantar frå den maritime industrien, skipsreiarar, politikarar, regionale og lokale mynde, hamnevesen, utdanningsorganisasjonar, vitskapsfolk og studentar for å snakka om korleis ein kan samarbeida på nye måtar for leggja til rette for ein grønare maritim infrastruktur av energitilførsel. Her kan ein nemna landstrøm, varierte val i høve til å lada eller bytta batterier, og påfyll av fornybar energi som naturgass, biogass eller hydrogen.

«Me ser eit trykk frå skipsflåten mot installasjon av batteri- og elektrisk framdrift, som vil gjera store kutt i miljøutslepp mogleg i framtida, både innan offshore, ferger, fiskebåtar og tankbåtar. Men ein av dei største utfordringane etterkvart som elektrifiseringen breier om seg til fleire skip, er å få på plass ein god infrastruktur av energitilførsel, seier Kommunikasjonssjef i Wärtsilä i Norge, Jane Jünger.

«Sjå til støtta norske styresmakter har gjeve til innføringa av elektriske bilar, liknande teknologi er tilgjengelige innen skipsfarten. Her kan ein oppnå masse om ein samarbeider», meiner Esperø.

«Men skal me klare å endre skipsfarten til lågutslepp treng me også ein revolusjon når det gjeld ny infrastruktur, og me må byrja å snakka med aktørar som me ikkje vanlegvis har vore i naturleg dialog med tidlegare, seier han.

Foresdragshaldarar på Future Innovation Day, på Stord 26. april er blant andre tidlegare oljeanalytikar Thina Margrethe Saltvedt, nå analytiker hos Nordea innanfor bærekraftig finans. Ho skal snakke om reisa frå fossil fremdrift til nullutslepp i skipsfarten. I tillegg kjem Roger Holm, leiar for maritime løysingar og visepresident i Wärtsilä globalt, og Matt Duke, frå Grieg Star. Hege Økland, leiar av NCE Maritime Clean Tech, vil leia  paneldebatten.

«Etterpå blir det ulike arbeidsverkstader der me skal tenkja høgt kring nokre av framtida sine utfordringar innan skipsfarten. I tillegg er me opptekn av at innovasjon kan skapa viktige arbeidsplassar i regionen vår knytt til grøne forettningsmuligheter», seier Jane Jünger.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.