Nyhende — 08 mars 2018

Me vil vera ferdige med samankoplinga innan slepet startar, seier Kværner sin prosjektleiar Hans Bruntveit.

Dimensjonar over plattforma Aasta Hansteen

Etter ein gårunde med kunnig informasjon undervegs  gjennom «top siten»  på største sparplattforma i verda,  er det lett å seia seg samd  med den som hevdar at  «Aasta Hansteen» er like mykje eit kunstverk som eit 320 meter høgt byggverk.  SPAR-delen, flytaren  kom  frå  Hyundai-verftet i  Sør-Korea  til  Høylandsbygd i liggjande versjon i sommar og vart seinare snudd til vertikal stilling i Klosterfjorden og for så å bli ankra opp i Digernessundet. 

«Top-siten» (produksjons og bustaddekka) kom seinhausten og i desember var det det samankopling.  På kvinnedagen 8. mars vart  plattforma døypt med ein times seremoni  på lekterdekka sin enno ein månad vil omkransa  frøken «Hansteen.»

I tale  frå  Margareth Øvrum, i Statoil,  frå ordførar i Harstad (som får landbasen for feltet)  og  frå gudmor Mette Stattin (Statoil) – vart det snakka varmt  om den sterke Asta Hansteen som har gitt både  gassfeltet og plattforma namn.  Ho var  i andre halvdel på 1800-talet ein pioner på  mange område.  På den tid var det ikkje vanleg at kvinner tok utdanning innan kunsten eller forfattarskap  eller at dei gjekk åleine på  kafe.  Alt dette gjorde  Aasta Hansteen og vart ein forkjempar for kvinnesaka.  Sameleis,  blir plattforma  ein pioner når det gjeld å henta  opp  gass frå 1300 meter djupne  i eit område kjent for tøffe vertilhøve.  Gassen skal sendast per  leidning til landmottak  i Nyhamna og derfrå koplast vidare på nettet utover i Europa.

I helsinga  frå produsenten i Sør-Korea og frå konstruktør  i Huston, USA, vart det sagt klart og greitt at det hadde vore ei utfordring  kreera og byggja  den store installasjonen.  Det skal ha vore undervegs  i bygginga av sparen at det på verftsområdet der aust vart snakka om  meir «kunstverk»  enn direkte byggverk.   Om bord er det millionvis detaljar – og det er faktum også ledige kapasitet til å ta seg gass  frå andre funn i området.

Kværner (Stord) har for tida 300 personar om bord  i full sving med  ferdiggjeringa  av samanstillinga  av  flytar og dekk.  Hans Bruntveit, Kværner  sin prosjektleiar,  opplyser at 120 operatørar følgjer med  når «Aasta Hansteen»  om ein god månads tid skal slepast nordover  til  feltet og installerast der.   Ankerfesta er for lengst på plass  300 kilometer ute i Norskehavet.

Prislappen  på  største plattforma i verda  er  litt under 20 milliardar kroner.  Og går ting som planlagt vidare, startar produksjonen av gass i slutten av året.

Ordføraren i Harstad hadde med barndomsportrett av kvinneforkjempar og Kunstnar Aasta Hansteen – til dåpsbarnet med same namn.

Triveleg i den kombinerte salongen og matsalen i bustadblokka

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.