Nyhende — 08 mars 2018

Gabriel Fliflet (t.v.) og Sivert Straume, i Naturvernforbundet Hordaland, overrekker miljøprisen til fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

– Vi set svært stor pris på å få denne prisen, sa fylkesvaraordførar Pål Kårbø då han tok imot miljøprisen til Naturforbundet Hordaland for 2017. Prisen er gitt for den fylkeskommunale satsinga på miljøvenlege ferjer, melder Hordaland fylkeskommune.

Styremedlem Gabriel Fliflet overrekte prisen under fylkestinget i Terminus Hall i Bergen.

– Fylkespolitikarane kuttar utsleppa frå ferjene med 90 prosent nærmast over natta. De får det til. Dette er eit lysande døme for alle andre folkevalde. De turde å stille krav, og næringslivet rettar seg etter dette utan større smerte. Tvert imot så er det maritime miljøet på Vestlandet ivrige tilhengarar etter å bli stilt krav til og få til ny teknologi. Takka vere dykkar handlekraft får vi rekordnedgang i utslepp, nye arbeidsplassar og ny teknologi som er den beste i verda. Det er ei glede og ære å overrekke prisen, sa Gabriel Fliflet.

Pål Kårbø takka for prisen.

– Eg hugsar vi var samrøystes då vi vedtok satsinga på miljøvennlege ferjer. Det er tverrpolitisk semje om å satse på dette, men det kostar. Vi brukar 250 millionar kroner ekstra i året, men vi angrar ikkje. Vi ønskjer å gjere dette, og vi må gjere ein god jobb for å få meir midlar, sa fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

Fylkespolitikarane vedtok samrøystes i fjor å få miljøvennlege ferjer til samtlege 17 fylkesferjestrekningar i Hordaland. Ferjene vil bli sett i drift over dei neste to åra.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.