Nyhende — 12 mars 2018

«Stord I» gjekk blåtur i si gamle Sunnhordlandsrute sist sommar.

– Berre det  å bli oppmoda til å søkja prisen i dette gode selskapet, var ei melding  motteken med smil  på årsmøtet.  Ein fantastisk fin måte å få anerkjenning på,  for å stor dugnadsinnsats utført på beste antikvarisk korrekte  måte. Dette var stort og det blir ein spennande vår for oss, seier  Harald Kvinge, leiar i  stiftinga «Stord I»

Med støtte frå sterke seriøse  institusjonar som Norsk Foreining for Fartøyvern  og  Riksantikvaren,  blir det frå  stiftinga sendt søknad  om nominasjon til  årets  European Union Prize for Cultural Heritage/Europa Nostra Awarad, catergory  Conservation.

Dette er ein høgthengande  europeisk kulturarvpris. Arbeidet som er utført med å restaurera  «Stord I» attende til fordums prakt, er gjort så korrekt og med slik stor frivillig innsats  at  ein har merka seg  prosjektet  utfor  eigne landegrenser.  Berre mindre arbeid står att  for  erklæra  dampskipet  så godt som nytt –  anno 1913.   Ein  jobb entusiastar gjekk i gang med i 1983, for så å møte ein solid motbakke  i brannen som gjorde stor skade om bord i 1987.  Dei mest i hjuga gjekk på igjen med mål at «Stord I» igjen skulle segla på fjorden  med folk i salongar og på dekk.  I 2013 fekk  «gamle dampen»  sertifikat for å leggja  frå kai med 99 passasjerar. 

I løpet av mai blir det det avgjort kven  EU- juryen kårar  som vinnar av den europeiske kulturavprisen.

«Stord I» ved kai i Etne

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.