Nyhende — 08 mars 2018

Her ser ein eit utsnitt frå kartet Dyviksåto med nokre av postane I Storatraven

Pressemelding frå Stord Orientering:

Arne Henrik Hovden er ansvarleg for tur orienteringa i Stord Orientering

Stord Orientering arrangerer kvart år STORATRAVEN og LITLATRAVEN og legg ut 90 postar i terrenget frå midten av Mars og fram til 31.August, då hjortejegarane overtek aktiviteten i skogen med sin sesong. I år har O-gruppa friska opp eit par gamle kart rundt Sagvågsområdet, nermare bestemt Dyviksåto og Almåsmarkjo og håpar at det fell i smak hos nye og gamle «travarar» .

STORATRAVEN (60 postar) har ulik vanskegrad frå lett til utfordrande ,men ikkje nødvendigvis vanskelige  postplasseringar. Ein må gjera rekning med å bli våt på beina .  Dyviksåto, Hatlandsmarkjo og Landåsen er områda for Storatraven i år. Storatraven har vore arrangert sidan 1972 og vert arrangert for 47. gong.

LITLATRAVEN (30 postar) er berre 6 år gamal , men er blitt veldig populær hos tur-o folket. Litlatraven har lett vanskegrad på postane . Postane er knytta tett opp mot sti og skogsvegar kor ein greitt kan ta seg fram, men avstikkarar ut i terrenget må ein ta høgde for. Litlatraven passar godt for dei som ikkje har så stor erfaring med orientering , eller for dei som ønskar korte spennande turar i skogen med born med litt «skattejakt»  innvolvert .  Almåsmarkjo og Sjoalemyro er områda for Litlatraven i år.

Begge turpakkane er eit flott og kjekt tilbod til deg som vil kombinera trim og friluftsliv . Som ei ekstra støtte for dei som ønsker det er alle postane oppgjeve med koordinatar for dei som vil ha med seg GPS , eller driva geocatching på ein annan måte .

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.