Nyhende — 07 mars 2018

 –  Me har ved fleire høve peika på at SFO-tilbodet i Stord kommune er svært dyrt og at sjølvkostprinsippet ikkje står i stil til korleis ein skal finansiera gode velferdsordningar.

Fagforbundet Stord/Fitjar  og  Utdanningsforbundet er klare i talen i fråsegna dei har sendt kring framlegget til ny vedtekter for  skulefritidsordninga (SFO) i Stord.   

– Med dagens prisnivå er det urimeleg at det ikkje søskenmoderasjon i SFO. Med den kostnaden ein som føresette har for SFO er det ikkje rett at ein må ta ekstra betalt for mat, turar og utflukter. Dette bør vera ein del av den faste betalinga. SFO er dyrt nok, heiter det vidare i uttalen.

Forbunda trekkjer også fram at dei tykkjer bemanning med 15 born per vaksen ikkje er god nok.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.