Nyhende — 10 mars 2018

Sunnhordland og Haugalandet kan bli «utkantar» i kvar sine fylke.

Ein moglegheitsstudie og regional plan for Haugalandet og Sunnhordland. Det er kva administrasjonen i Samarbeidsrådet plasserer på øvste plass når det skal søkjast statlege  frå Fylkesmannen til  fornyings og inovasjonsprosjekt. Frå feire av kommunane i rådet har det kome gode forslag til  prosjekt, framlegget om ein moglegjheitsstudie er det Stord kommune som har  levert. Grunngjevinga er interessant, her er nokre avsnitt:

 

– Kommunane Haugesund og Stord er regionssenter for Haugalandet og Sunnhordland. Regionen har i stor grad felles arbeids- og bustadmarknad. Arbeidsmarknaden er knytt til maritime næringar, og

leverandørindustrien står sterkt. Aibel i Haugesund og Kværner i Stord er svært viktige arbeidsplassar med store regionale ringverknader.

– Regionreforma enda i vår landsdel med samanslåing av fylka Hordaland og Sogn og Fjordane, medan Rogaland valde å stå åleine. Dette gjer at Haugalandet og Sunnhordland kjem i ein utfordrande situasjon, på kvar side av fylkesgrensa. Dette skapar barrierar innan mange sentrale område, som utdanning, samferdsle og regional utvikling. Med fleire oppgåver til fylkeskommunane, vil utfordringa i vår region bli større.

– Fylkesmannsembeta vil følgja dei nye fylkesinndelingane. Embeta kan difor sjå Haugalandet og Sunnhordland som utkantar i kvar sitt distrikt, og ikkje som ein samla og sterk region. Samstundes

er den statlege inndelinga fragmentert. Sør-vest politidistrikt dekkjer Haugalandet og nokre kommunar i Sunnhordland, medan andre sunnhordlandskommunar soknar til Vest politidistrikt.

Helseføretaket Helse Fonna og Høgskulen på Vestlandet går på tvers av fylkesgrensa. Samla sett er statlege og fylkeskommunale grenser ei stor utfordring for regionen mellom

Boknafjorden og Bjørnefjorden.

–  Utfallet av kommunereforma har ført til ein vanskelegare situasjon. Både Haugesund og Stord hadde intensjonsavtalar med nabokommunar om kommunesamanslåing, men utfallet blei i begge tilfella ikkje samanslåing. Me merkar alt no at kommunane og regionssentera blir relativt mindre i høve til dei nye og større kommunane rundt Bergen og Stavanger, og at desse får større merksemd frå det regionale og nasjonale nivået. Den viktigaste og mest negative konsekvensen av kommunereforma er likevel ei lite føremålstenleg fylkesgrense midt

gjennom regionen.

Styremøtet i Samarbeidsrådet skal denne gongen haldast i Austevoll, fredag den 16. mars.

 

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.