Nyhende — 13 mars 2018

Pressemelding:

Fredag inviterer Stord Jazzklubb til nok ei stor musikkoppleving for blues- og jazzinteresserte. Då kjem The Real Thing tilbake til Stord og Arena.

Dette fantastiske norsk-svenske souljazzbandet – med base i Oslo – har hatt stor suksess med sin utadvendte og svingande stil. Dette er, ifølgje dei sjølve, bandet som aldri går av scenen i tørr smoking! Dei gjev med andre ord alt under konsertane sine.

Kvartetten debuterte i 1992 med albumet The Real Thing, og har gjeve ut fleire album. Musikken dei spelar er for det meste originalt materiale, og er ei blanding av amerikansk Blue Note-jazz (til dømes stilen til Jimmy Smith, George Benson og Wes Montgomery) og element frå moderne populærmusikk. Resultatet er ei blanding av swing, blues, funk og rock utøvd av nokre av dei beste musikarane Noreg har!

Etter at den tidlegare saksofonisten i bandet, Sigurd Køhn, døydde i 2004, låg The Real Thing i dvale heilt fram til 2010. Då bestemte resten av gruppa seg for å starta opp att, no med Dave Edge (opphaveleg frå England)som ny saksofonist. Etter det har bandet reist land og strand rundt med sin fengjande hardtsvingande orgelbaserte souljazz. At dei har selt godt over 55.000 album, seier også sitt.

Bandet trekte fullt hus på Arena då dei spelte på Stord Jazz og Bluesfestival for nokre år sidan, og me vonar lokalet blir stappfullt igjen på fredag.

Staffan William-Olsson – gitar
Paul Wagnberg – hammondorgel/B3
Hermund Nygård – trommer
Dave Edge – saksofon

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.