Nyhende — 08 mars 2018

(Pressefoto)

Pressemelding:

Med utgangspunkt i fenomenet kollektiv ansvarsfråskriving i møte med klimaendringar og menneskeleg utnytting,  lagar tekstilkunstar Janne Robberstad, foto/performance-kunstnar Ida Fugli og scenekunster/forteljar Sara Birgitte Øfsti ei performativ utstilling som set søkelyset på tilhøvet vårt til klede. Premieren er lagt til kvinnedagen 8. mars og er årets ”Kvinneutstilling” frå Stord kunstlag.

Utstillinga er samansett av ulike måtar å oppleve tekstil på, formidla gjennom ulike media, som et sedimentert materiale bygd opp av samanvevde trådar; som eit tekstil. Det gjennomgåande spørsmålet er kor langt det er mogleg å dra apatien rundt vår utnytting av naturen og menneske og kor langt me er villige til å gå for å sleppa å gjera endringar rundt eige forbruk og komfort?

Ein vil også auke medvitet rundt fast-fashion, utan å skapa dårleg samvit, gjennom eit humoristisk og tankevekkande utstilling/forestilling. Utstillinga fungerer og som ein scenografi for ein scene-opptreden.

Opning i Kunsthallen  torsdag 8. mars  kl. 18 – utstillinga vil stå  3-4 veker, opplyser Kunstlaget.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.