Næringsliv — 09 mars 2018

Kunstgraset ved Hystad skule er slite.

Komite for næring, miljø og kultur drøfta på møtet onsdag endra bruk av  3 millionar  budsjetterte til  kunstgras. Løyvinga vart i første budsjettforslag frå rådmannen mynta på  opprusting av  kunstgrasbanen ved Hystad skule, seinare kom spørsmålet om å overføra midlane i sin heilskap til ombygging av  hovudbanen i Prestagardsskogen frå naturgras til kunstgras.  Frå komiteen vart saka sendt til endeleg avgjerd i kommunestyret med denne tilråding til vedtak:

– Kommunestyret godkjenner å overføra kr. 2,8 mill. i investeringsmidlar frå prosjekt Hystadbanen til delfinansiering av ombygging av naturgrasbane til kunstgrasbane m.m. i Prestagardsskogen. Restløyvinga på 0,2 mill. kr skal brukast til påkosting/oppgradering av Hystadbanen. (9mot 2 røyster)

Det vert bede om at kommunestyret får førelangt eit kostandsoverslag for omgjering til grusbane på Hystadbanen. (7 mot 4 røyster).

Komiteleiar Bente Bjelland (A) sette fram forslaget om å få vurdert grusbane.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.