Nyhende — 10 april 2018

Tysnesingen Kjell Magnus Økland er leiar for Kystsogevekene.

Pressemelding frå Kystsogevekene 2018:

Kystsogevekene opnar i 2018 laurdag 4. august under den store veteranbåtfestivalen Fjordsteam i Bergen. Nytt av året vert ei offisiell avslutning under skutefesten 15. og 16. september i Rosendal i Kvinnherad kommune.

I løpet av desse seks vekene vert det mange både små og store arrangement på både sjø og land. Bak arrangementa står ei rekkje ulike aktørar og for mange av desse er det no tid for å
starta planlegginga av årets arrangement. – For å koma med i programmet 2018 er innsendingsfristen 10. mai, seier dagleg leiar i Stiftinga Kystsogevekene, Kjell Magnus Økland.
På www.kystsogevekene.no finst det eige registreringsskjema for dette. Nettsida rommar også informasjon om korleis du kan søka om arrangementsstøtte frå Stiftinga Kystsogevekene. –
Det er Grieg Foundation og Stiftelsen Neptun som mogleggjer at Kystsogevekene kan hjelpa lokale arrangørar med litt direkte pengestøtte, fortel Økland.

Årets program vert ei ileggsavis i stort opplag som vert lansert i forkant av Torgdagen 9. juni. Her vil du finna informasjon om ulike kystkulturhendingar utover sumaren, som til dømes
Torgdagen, Fjordsteam og sjølvsagt Kystsogvekene. Stiftinga Kystsogevekene er eit samarbeid mellom 22 kystkommunar i Hordaland og Gulen og Hordaland Fylkeskommune for å fremja kystkultur. Kystsogevekene speglar kystkultur frå alle tider, både gammal og ny. Folk får oppleva kystkultur og yrande folkeliv i mange former og
uttrykksmåtar. – Har du idear som kan bli til gode arrangement, ta gjerne kontakt, skriv Kjell Magnus Økland.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.