Nyhende — 24 april 2018

Sanita Pavlovica (Foto Roald A. Sundal)

Kunstnaren Sanita Pavlovica (39) frå Latvia,  har budd på Stord i seks år.  Snart stiller ho ut foto med motiv frå Sicilia, Madeira, England – og Stord.

Ho har evna til å sjå det vakre der dei fleste av oss berre ser forfall og skrap. Så når  Pavlovica vel ut fragment av  til dømes ei skipsside og isolerer det frå heilskapen, viser ho oss nye komposisjonar av former og fargar.

– Det er noko med måten me ser ting på. Me er nok veldig fastlåste i måten me observerer våre omgjevnader på. Alle ser det vakre i ein solnedgang, men eg synes det er meir spennande å dra på oppdagingsferd i eit landskap eg ikkje kjenner frå før, seier kunstnaren.

– Og i eit industrisamfunn som på Stord er det uendeleg mange vakre motiv, særleg på Eldøyane.

– Då ho spurde om lov til å fotografera på eit skip som låg ved kai i Leirvik, svara kapteinen med eit hjartesukk:

– Du er den einaste her om bord som likar rust!

Fredag 4. mai opnar Sanita Pavlovica utstillinga i foajeen i Kulturhuset, der ho viser ti bilete frå si spennande oppdagingsferd  med kameraet.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.