Nyhende — 13 april 2018

Stål-deler av torpedoen som vart avfyrt kring midnatt 23. januar 1945 er framleis godt synleg ved ekstra låg sjø på Leiro.

Når lågvatnet er på sitt lågaste, noko som ofte skjer i april (aprilfjæra), kjem eit krigsminne til syne i den langgrunne Leiro på Huglo. I år er det 75 år sidan raidet mot Stordø Kisgruber og tida etter har deler av ein alliert torpedo lege sanden ved Langenuen, dels over dels under vatn.  Medan commandosoldatar gjekk i land på Kiskaien og Jensaneset og tok seg til gruveomådet og utførte sabotasjen natta til 23. januar 1943, dreiv eit par MTB’ar avleiingsmanøvrar  i Langenuen.  Ein av dei gjekk nord til Grovaholmen for å leggja ut miner og oppdaga då at eit tysk lasteskip kom sørover,   og det kom til kamp.   

I boka «Raidet mot Stordø kisgruber» skriv  Arnfinn Haga: «Avstanden kan dreie seg om 200 meter bort til det fremmede fartøyet da mennene på «Ilse Russ» observerer to lynhurtige striper på den  måneblanke sjøen ut frå landskyggen. To topedoer passerer uten å treffe. For folkene på «Ilse Russ» ter det seg som om de skjærer kloss aktenom hekken.

Sekunder etter lyder et veldige drønn over mot Huglo. Den ene torpedoen går av i det den treffer en stein noen meter fra land.  En tilskuer  på Huglo som stod et stykke unna, forteller at han merket vibrering under skoene sine. Det steig opp en svær søyle av  røyk og ild, leire og evje, stein og grus.  Den andre torpedoen piler helt inn i fjøresteinene før den eksploderer  og etterlater seg et stor undersjøisk krater. Det er som om øya rister igjen, og vinduer blir ødelagt i hus som står flere hundre meter borte.»

Etter bom med torpedoane tok ilsk skyting til mellom fartya. Lasteskipet vart skote i brann, men kom seg til Kjøtteinen,  MTB’en kom seg  i skadd versjon attende mot Sagvåg  og vart med flotiljen av fleire MTB’ar derfrå til basen på Shetland.

På Huglo vart brukande deler av torpedoane tekne vare på lenge og  i  det undersjøiske krateret etter torpedoen på Leiro vart det gjort mange gode hummarfangtstar i åra etter.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.