Nyhende — 14 april 2018


Fredag 6.april vart årsmøtet i Utdanningsforbundet Stord halde på Stord hotell. Som vanleg var det godt oppmøte. Denne gong med over 130 årsmøtedeltakarar frå skular og barnehagar på Stord. Ny rekord!

Før sjølve årsmøtet hadde journalist og forfattar, Marte Spurkland foredrag. Spurkland har skrive den nydelege boka, Klassen. Boka er nominert til både Brageprisen og Kritikkarprisen. Ho har fått strålande kritikkar og Knut Hoem i NRK – bok omtaler Klassen slik;
«Marte Spurklands rapport fra et skoleunivers treffer midt i planeten. (…) Spurkland er ikke selv til stede som intervjuer i boken, men gjenforteller det hun har fått høre i intervjuer, og bruker en del direkte sitater og meldinger, som gir teksten liv og autentisitet. (…) Den gode journalisten vet at hun må møte verden med et eget selvstendig blikk på det som skjer. (…) Debatten av skolen blir ofte ført av mennesker som er langt unna klasserommet. I denne boken er det, til en forandring, skolens egentlige hovedpersoner som har ordet.»
Etter Spurkland sitt foredrag var det årsmøte. Lokallagsleiar Tor Jæger Koppang gjekk gjennom årsmeldingane som synte eit aktivt lokallag med høgt aktivitetsnivå til beste for alle medlemmer. Nestleiar Marit Himle Pedersen presenterte handlingsplanen til lokallaget som vart samrøystes vedteken.
Leiar av valnemnda, Helge Skjæveland, la fram valnemnda sitt forslag til nytt lokallagsstyre. Også her vart det gjort samrøystes vedtak og lokallaget har alle medlemsgrupper i organisasjonen representert. Nytt lokallagsstyre er;

Tor Jæger Koppang, leiar – Leirvik skule

Marit Himle Pedersen, nestleiar – Nordbygdo ungdomsskule

Rune Valvatne Ask, styremedlem – Litlabø skule

Hilde Hauglid, styremedlem – Stord vidaregåande skule

Tore Roth Blokhus, styremedlem – Stord og Fitjar PPT

Solfrid Furre, styremedlem – Olderdalen FUS barnehage

Ingrid A. R. Grønsdal, styremedlem – Høgskulen på Vestlandet

Vara

Jonatan Gniste – Nysæter ungdomsskule

Anne Margrethe Birkeland – Langeland skule

Arild Ingvaldsen – Stord vidaregåande skule

Gunnhild Hystad – Furuly barnehage

Claus Junger er pensjonistrepresentant i lokallagsstyret.

Årsmøtet gjorde og val av hovudtillitsvalde i Stord kommune. Marit Himle Pedersen og Tore Roth Blokhus held fram som hovudtillitsvalde i Stord kommune.
Tor Jæger Koppang og Gunnhild Hystad er vara hovudtillitsvalde

Plasstillitsvald ved Høgskulen på Vestlandet, Ingrid Grønsdal la fram fråsegn om lønsnivået i Høgskulesektoren. Utdanningsforbundet Stord ber om at det vert gjort eit løft for lærarane som jobbar i høgskulesektoren i årets lønsoppgjer. Det er ikkje akseptabelt at lærarutdannarar tener langt dårlegare enn lærarar i KS-området.

Då sjølve årsmøtet var over vart det middag og hyggeleg lag på Stord hotell. Lokallagsleiar, Tor Jæger Koppang delte ut pris til Tjødnalio skule for klubben med størst oppmøte på årsmøtet. Tjødnalio skule er fyrste klubb som vinn denne prisen tre gonger. I år var dei heile 17 stk på årsmøtet. Prisen for størst prosentvis oppmøte gjekk til Sagvåg og Litlabø barnehage der over 80% av medlemmene var med på årsmøtet. Alle vann flotte raude huer med Utdanningsforbundet sin logo på.
Ordførar i Stord kommune, Gaute Epland, helsa også årsmøtet. Han understreka viktigheten av eit organisert arbeidsliv og at politikarar og fagforeiningar samarbeidar godt.

Meldar Bak: Rune Ask, Solfrid Furre, Hilde Hauglid, Tore Roth Blokhus, Arild Ingvaldsen Midten: Anne Margrethe Birkeland, Claus Junger, Ingrid A. R. Grønsdal Framme: Tor Jæger Koppang, Marit Himle Pedersen

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.