Kort sagt — 24 april 2018

(Pressebilde: Cecilie Bannow)

Førstkomande laurdag byr Olsen & Jensens viseklubb på ei lun stund med vérbitne viser frå vesterland. Då står nemleg visekunstnaren Åsmund Nesse frå Bømlo klar med bandet sitt for å spela dagkonsert på Osvald pub. Nesse, som óg er kjent som frontfigur i vestlandsreggaebandet Nese rastafari, har med sine to soloalbum skrive seg inn i ein stolt norsk visetradisjon. Med eit fast grep om kvardagslege og vidsynte emne skriv han både sarte og festfylte songar på kav bømladialekt. Fleire av dei har surra jamt og trutt på NRK P1 og to av dei har vorte kåra til «den offisielle sunnhordlandslåten». På laurdag fyller han viseklubbscenen med gitarar, fiolinar, irsk bouzuki, mandolin, kontrabass, munnspel, orgel, trommer og kontrabass, og leverer det me er sikre på kjem til å bli eit fyrverkeri av ein konsert.

 

Andre nyhende

Promillemistanke

mai 01, 2018

Fyll og krangel

mai 01, 2018

Byggenytt

april 30, 2018

Snittalderen opp

april 30, 2018

Grasbrann

april 29, 2018

Hjartepotet

april 29, 2018

Den store ryddedagen

april 29, 2018

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.