Nyhende — 11 april 2018

Prosjektet «Byen og regionssenteret Stord – lokomotiv for vekst og utvikling i Sunnhordland» er del av Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt Utviklingsprogram for regional vekst i by- og senterregionar. Som del av prosjektet har Link Arkitektur fått i oppdrag å laga ein moglegheitsstudie for Leirvik sentrum. Måndag 11. mars møtte om lag 40 innbyggjarar opp for å gje innspel til prosessen.

Føremålet var å få informasjon og idéar som kan nyttast for å få ei best mogeleg utvikling av sentrum.

Dei overordna spørsmåla er:

• Korleis ser vi for oss Leirvik om 15- 20 år.

• Kva ynskjer vi oss av Leirvik sentrum?

• Korleis ta vare på kvalitetane og verdiane i området samstundes som det vert lagt til rette for utvikling?

I samtlege øvingar som vart gjennomført, viste resultata tydelege ynskjer om eit meir inviterande, folksamt, aktivt og ope sentrum i Leirvik. Det er heilt klare signal om at det trengs betre møteplassar, meir sammanhengande gang- og sykkelvegar og tverrforbindelsar. Leirvik skal i framtida verte eit sentrum ein ynskjer å bli verande i både som arbeidstakar, bebuar og som besøkjande.

Leirvik sentrum skal vere ein stad ein er stolt av!

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.