Eit sant eventyr frå bydelen Utbygdo var til ende ein fredag midt i april. Jenteforeningen «Vårbud» inviterte til sin årlege basar i Horneland Bedehus, slik det er blitt gjort sidan oppstarten i 1922. Det særmerkte for basaren 2018, er at dette blei den sist i den mest hundre år lange rekkja.
– I kvartetten som har sått for drifta av «Vårbud» i mest 40 år, kom me etter lengre tids drøftingar fram til at no kunne nok vera nok. Men for all del, det har vore ein givande hobby og me har hatt med oss kjekke jenter i foreningsflokken heile tida. Og så kan det vel leggjast til at pensjonsalderen i leirstaben for lengst er nådd. Vemodig ja, men me har mykje kjekt og gode stunder å minnast, seier Idun Jordåen til stordnytt.
Det var bestemor hennar, Marta Eldøy som starta opp «Vårbud» og såleisa skapte eit fritidstilbodet for jenter frå sju år og oppover i Utbygdo (Eldøy/Kårevik/Horneland). Møtene annan kvar torsdag har alltid vore haldne heime hjå leiarane og har hatt faste innslag med allsong, handarbeid, andakt og lett servering. I alle åra har innkoma frå foreningsarbeidet gått til Norsk Misjonsselskap. Midlar frå «Vårbud» har vore øyremerkt drift av ein barneheim i Bangkok og til arbeid for reint vatn på landsbygda i Laos.
– Handarbeida frå jentene sin møte har blitt populære vinstar på vårbasaren – slik også på den siste i rekkja som samla godt 100 personar på Horneland bedehus.
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018
Fellesoperasjon løyser Rommetveit-flokar
april 25, 2018