Landmark Maskin As har for tida mannskap og maskinar i full sving langs Rommetveitvegen frå Kårkemyro til Høgskulen. På strekningen går Stord kommunalteknikk og Vegvesenet saman om både nye røyr og leidningar og utviding av veg så vel som av fortau.
– Siste åra har dette vore ein helst utfordrande strekning for vasstilførsla, med mange leidningsbrot og lekkasjar. Her har lege røyr som ikkje har tolt «tidas tann» og slitasje. Vegvesenet har på si side, lenge hatt planar om betre og tryggare forhold for både gåande og rullande trafikk i området. No gjennomfører begge instansar planane og tek kvar sine deler av kostnadane, med Stord kommunalteknikk som byggherre, opplyser Sivert Haaland, kommunen sin byggjeleiare for prosjektet.
Fylkesveg 61 blir i stor grad utvida på vestsida. Vestover skal også midtstripa i vegen flyttast med om lag ein meter – medan nytt og breiare fortau følgjer noverande fortautrase. For biltrafikken skal det jamnast i verste humpane og rettast ut i nokre svingar. På reset, før nedkøyring til høgskulen, blir det for tida bygt ein målestasjon for det kommunale vatnet.
– Lengst nord bli dei nye leidningar lagt i grøft som skal gravast mellom Rommetveit skule og alleen. Det er laga eigen plan for denne delen av prosjektet, alt med tanke på at trea/røtene ikkje skal få sår etter inngrepet, seier Haaland til stordnytt.
I januar 2019 skal arbeidet langs Rommetveitvegen ver ferdig. Kostnaden ligg rundt 25 millionar kroner.
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018