Wärtsilä gjennomførte torsdag vellukka testing av sin nye autodocking-teknologi. Testen bleigjennomført på MF Folgefonn, som trafikkerer sambandet Jektavik-Hodnanes-Huglo. Ferja har hybrid framdriftsmaskineri og er allereie utstyrt med et trådlaust ladesystem fra Wärtsilä. MF Folgefonn er no verdas første ferje med autodocking.
Testing av autodocking starta i januar i år, og blei ferdigstilt i april med operativ full-skala-forsøk ved kai. Ikkje på noko tidspunkt var det nødvendig for kapteinen å overta den manuelle kontrollen over fartyet. Prosessen startar når ferja er ca 2000 meter frå kai. Fartyet fortset med normal transittfart, og utfører så ei automatisk og gradvis nedbremsing. Deretter overtek automatikken, fram til ferja er sikra ved kai. Ved avgang, kan prosedyren brukast på ein identisk, men omvendt, måte.
Full manøvrering, inkludert styring og framdrift, blir kontrollert av programvara. Likevel kan kapteinen utføra manuelle inngrep og overta kontrollen kva tid som helst, heiter det i ei pressmelding frå Wärsilä.
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018
Fellesoperasjon løyser Rommetveit-flokar
april 25, 2018