Nyhende — 08 april 2018

Ein fullstappa sal sat fulle av forventingar då stordabu og dirigent Eivind Jensen-Gullberg entra scenen, laurdag kveld. Han tok opp dirigentpinnen og snart var Stavanger Symfoniorkester godt i gang med urframføringa av Knut Vaage sitt stykke «Orkesterdialogar». Og her fekk me verkeleg høyra frå heile orkesteret. Imponerande og flott samspelt frå SSO.

Så kom Britten sin Klaverkonsert og Leif Ove Andsnes kom inn til full applaus. Det var høge forventningar, og likevel overgjekk det nok forventingane til dei fleste. For eit talent! Han suste over tangentane som om det var det enklaste i verda, og me sat att fylt av beundring.

Til slutt fekk me høyre Symfoni nr. 1 av Sibelius, og kvaliteten hadde på ingen måte sunke. Etter konserten kunne ein høyre lovorda frå nøgde og imponerte publikummarar. Det er ganske utruleg at me får oppleva så storslått talent, her i vår eiga, lokale konsertstove.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.