«I framlegget står følgjande: «Kommunane har ansvaret for å gje innbyggjarar i alderen 6–15 år grunnskuleundervisning.» Dette er ikkje heilt korrekt. Kommunen har ansvar for å gje innbyggjarane tilbod om undervisning. Det er foreldra som har ansvar for at borna får undervisning. Det kan dei få ved å sende borna til ein offentleg skule, eller ein privatskule, eller ved å gje borna heimeundervisning. Jmf. Opplæringslova § 2-1, § 2-12, og § 2-13.Barnelova § 30. viser at utdanningsansvaret ligg hos foreldra.»
Sitatet er henta frå eit brev dagleg leiar for Stord kristne skule Geir Økland, har sendt kommunen i samband med at komite for oppvekst og utdanning måndag skal gje uttale til den nye søknaden for den kristne skulen. I brevet påpeikar Økland også at det i framlegg til Stord-uttalen ikkje kjem fram heil korrekte økonomiske utgreiingar.