Nyhende — 13 april 2018

Stord formannskap drøfta på sist møte høyringsframlegg som  er kome frå eit ekspertutval som har sett på overføring av statlege oppgåve til fylkeskommunane.  Formennene samla seg kring denne fråsegna:

– Stord kommune støttar overføring av oppgåver frå staten til fylkeskommunane, i tråd med tilrådingane frå ekspertutvalet. Ein vil likevel koma med følgjande presiseringar:

Stord kommune meiner det kan vera positivt at større del av kulturtilboda blir knytt til fylkeskommunane og at dei mellom anna få eit definert ansvar for museumsverksemda. Nasjonale kulturinstitusjonar bør

framleis vera finansiert av staten. I Hordaland gjeld dette særskilt Den Nationale Scene og Bergen Filharmoniske Orkester.

Staten kan i dag trå inn i kommunestyra sitt mynde til å vedta arealdelar av kommuneplanar og reguleringsplan, når viktige statlege eller regionale tiltak gjer det naudsynt. Utvalet ønskjer at denne oppgåva skal kunna overlatast til fylkeskommunane etter pålegg frå staten eller om involverte kommunar samtykker. Stord kommune meiner at i dei tilfella viktige nasjonale omsyn gjer seg gjeldande, til dømes ved store samferdselsprosjekt, er det naturleg at staten tek på seg denne oppgåva sjølv. Det kan vera ei god løysing for regionalt samordna planlegging at kommunestyra samtykkjer til at staten overlét vedtaksmynde for regulerings- og kommuneplanar til fylkestinget. Fylkeskommunen må derimot ikkje få status som «overkommune» med mynde til å vedta statlege planar utan kommunane sitt samtykke, eller gjera regionale planar juridisk bindande.

Stord kommune er positiv til at det vert greidd ut ein fylkeskommunal modell for drift av sjukehusa. I den vidare prosessen må også avvikling av foretaksmodellen når det gjeld drift av sjukehusa vurderast.

Prinsippet bak kommune- og regionreforma er større desentralisering av oppgåver og mynde. Framlegget frå utvalet om å greia ut flytting av den kommunale barneverntenesta frå kommunane til fylkeskommunane er ikkje i tråd med dette prinsippet, og Stord kommune rår difor frå å gå vidare med dette.»

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.