Nyhende — 15 april 2018

Frå sommaren av er det mogleg leiga  Leirvik Fyrstasjon for ei helg eller eit lengre opphald

Etter omfattande oppgradering, som mellom anna omfattar nytt kjøken og innlegging av gullande reint vatn frå det kommunale vassverket, er Leirvik Fyrstasjon på Midtøya klar for leige for ålmenta. Leige for ei helg eller ei veke kan bestillast no, utleigeperioden startar 1. juni, går det fram av  informasjon på  kommunen si  nettside. Bestilling skjer  i resepsjonen i Stord Kulturhus – eller per telefon.  Den som ønskjer eit opphald på fyrstasjonen må sjølve ordna med skyss til øya, der den nye kaien som vart innvia i fjor sommar har gjort lendinga enkel.

–  Stord kommune sitt mål er at Leirvik fyrstasjon skal vera ein arena for kultur og oppleving. I tillegg til at det skal arrangerast ulike kulturarrangement, vil me leiga ut fyrvaktarbustaden. Stord kommune samarbeider med Venelaget for Leirvik fyr om å taka vare på eigedomen. Eigedomen omfattar fyrvaktarbustad og uthus reist i 1878, naust i 1930 og maskinhus reist i 1939-40. I tillegg er det molo og ein gangveg mellom lendingsplass og hovudeigedomen. Området er å betrakta som eit kulturmiljø som skal følgja offentlege verne- og fredingstiltak, heiter det i den kommunale kunngjeringa.  Om fasilitetane elles:

– Det er to soverom og sengeplass for 6-7 personar. Det er eitt soverom med dobbelseng og eitt med 2 køysenger. I fyrste høgda er det kjøken, eit lite kammers og to mindre stover. Toalett og dusj er i maskinhuset. ( Meir informasjon  på den kommunale nettsida)

 

Ny kai vart teken i bruk i fjor sommar.

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.