Nyhende — 09 april 2018

Ole Andre Westerheim gir ut album i dag. (Foto: Sunnhordland)

I dag blir Ole Andre Westerheim sitt album «Utfor alt» sleppt på nettet. «Satan på veggen» var singelen frå albumet som kom ut 1. februar, den har fått gode streamingtal og klatrar enno på topp 40-lista til Radio 102.  Albumsleppet vert markert med ein releasekonsert på Arena laurdag 28. april, skriv Westerheim i ei pressemelding.

– Med på prosjektet er utelukkande unge, lokale krefter. Eg er stolt over å kunna opplysa at alle aktørar og deltakarar er frå Stord og Fitjar og at eg sjølv er eldstemann på laget med mine 26 år.  Låtane er innspelte i ABC studio i Etne, seier Westerheim.

– Sjølv om dette er eit soloprosjekt med mine eigne tekstar, mine songar, så hadde eg aldri klart det utan eksepsjonell hjelp frå eit skikkelig stjernelag. Eg er svært takknemlig for at desse unge og ekstremt talentfulle musikarane ville jobba saman med meg.

Med på Albumet er: Ole André Westerheim – Vokal, tekst og melodi. Alf Erik Fylkesnes – Trommer, studioteknikar, produsent, miksing. Severin Vik – Gitar, Øystein Heide Aadland – Tangentar, Mathias Agdestein Steffensen – Bass, Ingrid Bergesen – Kor.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.