Stadig graving for å skifta brotne vassrøyr, med tilhøyrande skøytar i asfalten på kommunevegen som fører til Øklandslio og Kviteluren, har siste åra ført til aukande problem for husrekkja langs Hagamyro. No har 11 huseigarar sendt opprop til kommunen om at noko må gjerast for å betra tilhøva. Vegen vart i si tid bygt på ei lag leire med grus og asfalt på toppen. Når trafikken er stor, som han til vanleg er, på den flytande vegen merkast det godt i heimane i Hagamyro. Då ristar husa. Dette er ikkje noko me sjølve er årsak til, difor kan me ikkje lenger finna oss i tilhøva slik det har utvikla seg, skriv dei i brevet.
– Som alle veit er fartsgrensa på strekningen 30 km/t.. Me hadde buss og lastebil her inne på test og ingen rørsler skjedde før farten kom opp i 50-60 km/t. Då rista fleire hus. Og husa våre ristar mange gonger kvart døger. Nå kommunen fekk denne informasjonen vart det sendt e-post til bussoperatøren med beskjed om at fartsgrensa måtte haldast.
Me ventar no at noko blir gjort ganske kvikt. Det betyr ny asfaltering uten skøytar og fartsdumpar langs heile strekningen fra leikeplassen til inngangen til Kviteluren. Det burde ikke vera noko problem, skriv dei 11 huseigarane i Hagamyro.
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018
Fellesoperasjon løyser Rommetveit-flokar
april 25, 2018