Fyrstkomande sundag vert det konsert med Ungdomskoret – Stord kulturskule i konsertsalen på Stord vidaregåande skule.
”I have a dream, to sing a song” Ungdomskoret Stord kulturskule = 10 songglade tenåringsjenter. I vår har dei sunge gamle ABBA-låtar, laga regi til fire av songane og sett saman til eit lite ABBA-medley.Dei har også eit knippe andre songar, m.a. om kjærleik og fred. ”If I could write a magic song, .. I would write of love, of hope and joy,”
Til sommaren representerer ungdomskoret Stord på ein stor europeisk korfestival i Tallin, Estland. Difor har me også ei lita avdeling med norske folketonar – ”Trall-di-ra-di-dei-di-då”
Med på konserten er også Aspane, Stord kulturskulekor, dei har jobba med rytmiske og fengande låtar til Brazz Brothers-prosjekt i Stavanger i vår,
og kjem til å presentera noko av dette på konserten – ”What would life be witout a song or dance, what are we?”
Dirigentar er Tone Heide for Ungdomskoret og Ingjerd K. Kolstad for Aspane.
Pianistane som er med denne kvelden er Irene Simonsen og Omar Zahl Pettersen.
De vil også få høve til å kjøpa kaffi og heimelaga kaker!
”Thank you for the music, the songs I´m singing
Thanks for all the joy they´re bringing”
Velkomen til konsert!
Konserten er og ein del av «Folk i sentrum» som vert arrangert i perioden 2. – 6. mai.
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018
Fellesoperasjon løyser Rommetveit-flokar
april 25, 2018