Nyhende — 16 april 2018

Asbjørn Sundal har eit stort utval av rytmeinstrument å spela på når han og bandet Papagøyene vitjar Stord førstkomande laurdag. (Pressefoto)

Kommande helg byr Stord Jazzklubb på to konsertar, fortel Wenche M. Eriksen i følgjande pressemelding:

Laurdag ettermiddag inviterer Stord Jazzklubb til ein sprudlande barne- og familiekonsert på Grand Hotell.
Når bergensbandet Papagøyene, med perkusjonist og vokalist Asbjørn Sundal i spissen, tek fram sitt store utval av spennande rytmeinstrument, kan du venta deg heftige latinamerikanske samba- og bossanovarytmar så vel som jungellydar og plystring. Kjende, omarrangerte barnesongar vert også ”sprita” opp med synthlydar og rytmar frå Brasil og Karibia. Her vert det garantert mykje songglede og høg musikalsk kvalitet kombinert med nyskapande og leiken energi. Musikken er truleg godt eigna til å få fart på dansefoten, både på scena og blant publikum.
Sundal har med seg tre drivande gode musikarar til Stord; Erik Håkon Halvorsen (tangentar), Torbjørn Hillersøy (bass, vokal) og Tor Bjarne Bjelland (trommer).

Nytt høvet og ta med borna eller barneborna dine og få med deg denne gladkonserten på Grand Hotell laurdag ettermiddag.

I samarbeid med Fartein Valen Festivalen, inviterer Stord Jazzklubb til konsert med Trio Mediaeval og Mats Eilertsen Trio i Stord kyrkje sundag.

Tittelen på konserten er Memorabilia – som tyder “ting verdt å hugsa”. Kva samlar vi opp og kva sit vi eigentleg att med av minne, hendingar og gjenstandar i løpet av eit liv? Hugsar vi og vektlegg vi dei same tinga og hendingane? Kva betyr eigentleg noko til sjuande og sist?

Jazzbassisten Mats Eilertsen har skrive musikken til Memorabilia. Tor Ulven har skrive tekstane. Ei vakker og spennande «kvardagsmesse» med seks framifrå musikarar vitjar Stord kyrkje sundag ettermiddag.

Trio Mediaeval
Anna Maria Frimann Henriksen, vokal
Berit Opheim, vokal
Linn Andrea Fuglseth, vokal

Mats Eilertsen Trio
Harmen Fraanje, piano
Thomas Strønen, trommer
Mats Eilertsen, bass/komposisjon

Mats Eilertsen Trio i møte med det unike vokalensemblet Trio Mediaeval i Stord kyrkje kommande sundag.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.