Nyhende — 12 april 2018

Jonas Fjeld spelar på viseklubben laurdag. (Pressefoto)

Me gler oss til å få gjensyn med visehøvding Jonas Fjeld på Olsen & Jensens viseklubb på Osvald Pub kommande laurdag ettermiddag. Til liks med i november 2015, då han besøkte viseklubben for første gong, er denne konserten utselt i god tid i forkant. Jonas Fjeld høyrer til blant dei aller største viseartistane me har i landet. Det er ei stor glede å få han tilbake til Leirvik, opplyser Olsen & Jensens viseklubb.

Om berre to veker kjem det eit lokalt innslag på viseklubben. På ettermiddagen laurdag 28. april kjem den glimrande bømlingen Åsmund Nesse og spelar mellom anna songar frå albumet Viser frå Vesterland, som kom ut på tampen av fjoråret. Han har med seg ei rad flinke folk på scenen: Hans-Olav Molde (trommer), Gunvald Andreas Hagen (orgel, piano, melodica), Nikola Storevik (fele), Håkon Askeland (mandolin, irsk bouzuki) og Frode Kvandal (kontrabass, elbass).

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.