
Orientering og quiz: Søskena Emma, Anna og Mari Fitjar Hjelle var mellom dei 130 som deltok på Finn-fram-dagen på Fitjar.
130 var med på Finn-fram-dagen på Fitjar sundag.
Dette er eit tiltak for å få born og vaksne ut i nærmiljøet, seier arrangementansvarleg Rolf Atle Rolfsnes i Fitjar orienteringslag.
Finn-fram-dagen er ei blanding av orientering og quiz. Deltakarane skal finna postane ved hjelp av kart, og besvare eit spørsmål på kvar post med hjelp av svaralternativ
Løypa gjekk frå Fitjar idrettspark til Rossneset. 130 deltakarar i alle aldrar var med.
Løypa var halvannan kilometer lang og deltakarane måtte innom 12 postar før dei kom til mål. Søskena Emma, Anna og Mari Fitjar Hjelle storkoste seg i det strålande vêret.
– Dette er noko me gler oss til kvart år, seier Mari. Søskena nikkar samde. Det er tydeleg at konseptet treff dei unge deltakarane.
Å læra seg kart, og samstundes komma seg ut i den fine naturen me har her i Fitjar, er jo heilt supert, kjem det frå Anna.
Spesielt i år, sidan vêret er så fint, legg søskena til.
Følgjet er kome til post 4. Her skal dei avgjera kva lauvtype som blir vist på illustrasjonsbiletet som heng ved posten. Jentene kryssar av og spring vidare.
Ved målgang på Rossneset var det høve til å få seg ei brus og ei pølse etter innsatsen i solsteiken.
Rolfnes i arrangementskomiteen strålte då alle hadde fullført.
– Ja, i år var det skøy. I fjor hadde me sludd og snøbyger og det merka ein jo og på deltakarinteressa. Årets deltakartal på 130 må me seia oss godt nøgde med.
I løypa var det òg høve til finna nokre av stolpane i årets stolpejakt.
– Stolpejakt er eit nytt konsept som orienteringsforbundet har kome opp med, forklarar Rolfsnes.
Jakta har same prinsipp som vanleg turorientering, men her er det høve til å registrera dei stolpane ein har funne på telefonen sin. På den måten kan ein lett ha oversikt over kor ein har vore og kva for stolpar ein manglar. Ein får poeng etter kor mange stolpar ein har funne.
Me merkar jo spesielt at dei unge synes det er ekstra spennande å kunna bruka telefonteknologien, seier Rolfnes, som meiner stolpejakta er eit godt konsept for å rekruttera unge utøvarar til orienteringssporten.
I dag kom det jamvel folk få Karmøy for å finna postane her i Fitjar-området, det er stas.
Alt i alt er det 55 stolpar å finna på Fitjar, så det er berre å få på seg turskoa og komma seg ut.
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018
Fellesoperasjon løyser Rommetveit-flokar
april 25, 2018