
Anne Grethe Sandtorv, Stord Næringsråd, Folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein, kommuneplanleggjar Andreas Larsen og ordførar Gaute Epland – håpar på stort frammøte til dialogmøtet i Torg-teltet torsdag 3. mai.
Bli med på dialogmøte i Torg-teltet
Stord kommune er i startfasen for rulling av framtidsplanane for regionssenteret Leirvik og er svært interessert i ønskje og innspel frå brukarar av byskjernen. Det blir glimrande høve til å lansera glimrande idear når kommunen torsdag 3. mai ( 18:00 til 20:00) inviterer til dialogmøte i teltet på Torget. Møtet er ein del av storarrangementet «Folk i sentrum» og kan også sjåast som eit framhald av liknande forum i fjor. Då var det bra frammøte – og god debatt. I år er ønskjet frå arrangøren at det også møter familiefolk og yngre med klare meiningar, det er trass alt dei som skal overta og bruka byen Leirvik i komande tider.
Stord sin nye kommuneplanleggjar, Andreas Larsen, stadfestar at det er mykje spennande på gang i sentrum, og at folkemøtet torsdag tek sikte på å gje eit biletet av heilskapen. Han lovar å ta alle innspel med vidare, på høgste alvor.
Ordførar Gaute Epland vil innleia møtet med å gje kort oppsummering av fakta komne fram i nærmiljøprosjektet som er gjennomført siste åra. Tre innbyggjargrupper vil fortelja kva som er viktige sentrumstiltak for dei: Knut Marius Sundt representerer barnefamiliar, Reidar Breivik er eldrerådet sin representant og så er ungdomsrådet invitert til å koma med sine synspunkt. Det same er Frontagruppen og Valvatne Bygg, som vil presentera tankar og planar rundt utviklinga av sentrum.
Kvelden blir runda av med paneldebatt der denne kvartetten er med: Liv Kari Eskeland, arkitekt og stortingsrepresentant, Lovise Vestbøstad, kommunalsjef, Thore Liverød, investor og utbyggjar i Leirvik sentrum og Arnhild Myklebust, dagleg leiar i Brilleriet og næringsdrivande i Leirvik. Stord24 leiar debatten.
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018
Fellesoperasjon løyser Rommetveit-flokar
april 25, 2018